Bli medlem av Nore Neset Padel

Nore Neset Padel er no klar, og vi ønsker medlemmer velkommen. Som medlem får du gode fordeler både hos Interpadel Os og Intersport Laguneparken.

Padel er ein av dei raskast veksande idrettar i verda, og det opplever vi her lokalt også. Mange vil oppleva meistring allereie etter få timar, og fort bli hekta på denne idretten. Målet vårt er først og fremst å skapa eit bredt klubbmiljø som vil bidra som plattform til eit stort sosialt nettverk.

Vi har to utendørs padelbaner på anlegget vårt på Nore Neset, samt eit samarbeid med Interpadel Os med sine 13 baner på Ulven.

Nore Neset Idrettslag er medlem av Norges Tennisforbund som organiserer padel i Norge.

Idrettslaget har også forhandla fram gode avtalar med Interpadel slik at idrettslaget sine padelutøvarar får særs gode priser på baneleie, samt rabatter på padelutstyr.

Medlemmer i vår padelgruppe får 30% rabatt på baneleie, og 30% rabatt i padelshopen til Interpadel (40% i kampanjeperioder).

Videre vil medlem i vår padelgruppe bli invitert til Klubbturneringer, og få mulighet til å delta i turneringer og mesterskap i regi Norges Tennisforbund.

Medlemskap i idrettslaget koster 550 kr per kalenderår. Dersom du er del av ein familie har vi familiemedlemsskap for 1000 kroner i året (svarer seg for alle med 2 personer i idrettslaget).

Treningsavgift for padeltennis koster 100 kr per år.

Padelgruppa i Nore Neset Idrettslag vert leia av Henrik Sivertsen og Frank Halsvik.

For innmelding, gå til:
https://app.rubic.no/Public/Events/18226

Share the Post:

Related Posts

Vi søker ungdom til vår sommaraktivitet

Er du ungdom som brenn for fysisk aktivitet? Nore Neset Idrettslag søker engasjerte aktivitetsleiarar til våre spennande sommarprosjektar i 2025! Bli med på Multisportveka, Open folkehelsepark og Tine Fotballskule, der du får sjansen til å leie og inspirere barn og unge. Vi tilbyr eit variert spekter av idrettar og aktiviteter, og du får utvikle dine leiarferdigheiter i eit trygt og inkluderande miljø. Les vidare for å finne ut korleis du kan bli ein del av vårt team og skape minner for livet!

Read More