Om idrettslaget

Nore Neset er eit breddeidrettslag i Bjørnafjorden kommune med 850 aktive medlem og tillitsvalde. Vi er tydeleg verdidrevet, og har sterkt fokus på inkludering. Løftet vårt er at vi skal skapa eit idrettslag med plass til alle.

Idrettsanlegget vårt ligg midt i oppvekstsenterer på Nore Neset med 1000 barn og ungdom. Vi opplever stor aktivitet kvar dag frå morgon til kveld. Dei har gleden av to fleirbrukshallar, to kunstgressbaner, ein sykkelbane, to padelbanar, og ein modellbilbane i det vi no kan kalla Folkehelseparken Nore Neset.

Idrettslaget har over fleire år tilbydd fotball, handball og idrettsskule for barnehagebarn. Frå 2023 startar vi i tillegg opp med innebandy, padeltennis, e-sport, dans, samt tilrettelagd all-idrett / open hall for barn og unge med nedsatt funksjonsevne.