inkluderingsfondet

Inkluderingsfondet har som formål å gje alle barn og unge som er medlem i Nore Neset Idrettslag moglegheit til å ta del i aktivitetane uavhengig av økonomiske forhold.

Utanforskap er ei stor utfordring i dagens samfunn, og kan i nokre tilfelle også føra til mobbing og utestenging frå viktige sosiale arenaer. Idrettslaget er overtydd om at dette fondet kan sikra at endå fleire får oppleva å vera ein del av idretten på Nore Neset.

Vi ynskjer ikkje at nokon slutter i vårt idrettslag av økonomiske hensyn. Har du utfordringar med å betale, så ta kontakt med oss, slik at vi kan koma fram til ei god løysing. Vi er fleksible og alle utfordringar kan løysast!

Alle søknader vert behandla konfidensielt.