Nore Neset Idrettslag er stolt av å ha fått innvilga eit 3-årig prosjekt til «Ung arbeidskraft i idretten» hos Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet.
Idrettslaget ynskjer gjennom prosjektet å gje ungdom eit første møte med arbeidslivet som instruktører på fritidsordninger, trenarar for idrettane våre, samt vedlikehald og reinhald av idrettsanlegget med vidare.
I prosjektet skal vi samarbeide med Bjørnafjorden kommune og Nore Neset ungdomsskule. Spesielt Beate Haugsgjerd som er rådgjervar ved ungdomsskulen skal bistå idrettslaget med å sette prosessen i system, og fylgje opp ungdommane i møtet med arbeidslivet.
Vi er utruleg stolt av prosjektet vårt, og at Bufdir valde oss blandt mange gode søknader.
Nore Neset Idrettslag er meir enn eit idrettslag.