GRUPPER

Finn din aktivitet hos oss

Vi har eit mangfoldigt aktivitetstilbod for barn, unge og vaksne på Nore Neset. 

Idrettsanlegget vårt legg tilrette for stor aktivitet kvar dag for små og store. Dei har gleden av to fleirbrukshallar, to kunstgressbaner, ein sykkelbane, to padelbanar, og ein modellbilbane i det vi no kan kalla Folkehelseparken Nore Neset.

Fotball

Fotballgruppa er vår største gruppe, og startar siste år i barnehagen med ballek, og går heilt opp til oldboys. I jentefotballen samarbeidar vi med Os Fotball på ungdom og senior.

Handball

Handballgruppa er den andre store gruppa vi har, og også her har vi tilbod frå siste år i barnehagen (ballek) og opp til senior både for damer og menn.

Innebandy

Innebandy er ei nystarta gruppe i idrettslaget, og vi har her tilbod for 1.-6.klasse, 7.-10.klasse og senior hobby.

Dans

Dans er enda ei nystarta gruppe i idrettslaget. Vi tilbyr per i dag freestyle/slow, men meir kjem.

Bredde e-sport

Vi har starta opp tilbod om bredde e-sport. Tilbodet vil innehalde trening i forskjellige spel. Aldersgrenser på spel vil bli fulgt.

Idrettsskule

Vi har idrettsskule for barn fra 3-5 år. Tilbodet handlar om å få barn glad i idrett og fysisk aktivitet, og er i stor grad prega av leik og allsidig aktivitet.

padeltennis

Vi har to utendørs padeltennisbaner, samt eit samarbeid med Interpadel Os med sine 13 baner på Ulven.

Tilrettelagt

Tilrettelagd all-idrett er eit aktivitetstilbod for barn med særskilde behov. Dette er eit tilbod idrettslaget har etablert saman med NFU Bjørnafjorden.