Marcus er 25 år, og har nylig avslutta 2.året faglærer i kroppsøving og idrettsfag ved Høgskulen på Vestlandet. Dei siste 8 åra har han vore fotballtrenar for ulike lag i Loddefjord IL, samt vore instruktør ved fotballfritidsordningane på Askøy og i Loddefjord. Dei siste 3 åra har han også hatt ansvaret for fotballfritidsordninga til Søreide IL.
Marcus har også god erfaring frå idretten sin organisering etter 4 år i Ungdomsstyret og 2 år i Hovedstyret til Loddefjord IL.
Med Marcus får Nore Neset Idrettslag ein ung og dyktig fotballressurs, som til tross for sin unge alder, allereie har opparbeida seg ein lang og god erfaring innan fotball. Marcus vil få ansvaret for vår fotballfritidsordning og fotballakademi, samt oppfølging av trenarar og leiarar i fotballgruppa vår.
Marcus begynner i stillinga 1.august, og erstattar med det Martin Eidsvik som er begynt hos Sportsklubben Brann.