Fotballakademi

Fotballakademiet er ei forlenging av klubben si fritidsordning, og er eit tilbod til barn som er ivrig og motivert for å trena ekstra. Tilbodet skal vere eit supplement til lagsøkter og ikkje ei erstatning til desse.

INDIVIDUELL OPPFØLGING

Det vert lagt opp til fleire økter i veka, anten på morgonen før skulestart eller på ettermiddagen etter skuletid. Det vil også verte nokre helgeøkter og økter med teori og videoanalyse i aktivitetshuset i staden for fysisk trening.

Viktige fokusområde er skadeforebyggande trening, fartstrening og «decision making» i kampsituasjon. Det vert også lagt vekt på ferdigheiter i pasningssituasjonar og ein mot ein.

Verdiane våre vennskap, meistring og respekt er grunnsteinen i Akademiet, og vår misjon om at vi har Plass til alle gjeldt også her.