Vi har eit mangfoldigt aktivitetstilbod for barn, unge og vaksne på Nore Neset.
Idrettsanlegget vårt legg tilrette for stor aktivitet kvar dag for små og store. Dei har gleden av to fleirbrukshallar, to kunstgressbaner, ein sykkelbane, to padelbanar, og ein modellbilbane i det vi no kan kalla Folkehelseparken Nore Neset.
Fotballgruppa er vår største gruppe, og startar siste år i barnehagen med ballek, og går heilt opp til oldboys. I jentefotballen samarbeidar vi med Os Fotball på ungdom og senior.
Handballgruppa er den andre store gruppa vi har, og også her har vi tilbod frå siste år i barnehagen (ballek) og opp til senior både for damer og menn.
Vi har idrettsskule for barn fra 3-5 år. Tilbodet handlar om å få barn glad i idrett og fysisk aktivitet, og er i stor grad prega av leik og allsidig aktivitet.
Tilrettelagd all-idrett er eit aktivitetstilbod for barn med særskilde behov. Dette er eit tilbod idrettslaget har etablert saman med NFU Bjørnafjorden.