Nore Neset Idrettslag har i dag søkt opptak i Norges Tennisforbund i samband med at idrettslaget startar opp padelgruppe i idrettslaget.
Idrettslaget har forhandla fram gode avtalar med Interpadel slik at idrettslaget sine padelutøvarar får særs gode priser på baneleie, samt rabatter på padelutstyr.
Medlemmer i vår padelgruppe får 30% rabatt på baneleie, og 30% rabatt i padelshopen til Interpadel (40% i kampanjeperioder).
Videre vil medlem i vår padelgruppe bli invitert til Klubbturneringer, og få mulighet til å delta i turneringer og mesterskap i regi Norges Tennisforbund.
Dersom du tenker at du kunne tenka deg å vera pådrivar for utviklinga av padeltilbodet vårt håper vi du gjer oss ein lyd. Vi har stor tru på at vi saman med ei gruppe pådrivarar kan få på plass eit særs spennande tilbod som fenger mange.
For spørsmål, kontakt gjerne Mariann Øvreeide på [email protected]