Varsling

I Nore Neset Idrettslag skal alle føle seg trygge. Meld frå dersom du opplever noko som er brot på idrettens lover og retningslinjer, og etiske levereglar. Vi ønsker å få vite om kritikkverdige forhold i klibben, og er takksame for at du seier ifrå dersom du har opplevd eller har vore vitne til uønska hendingar eller handlingar. I Nore Neset Idrettslag tek vi alle varslar om kritikkverdige forhold på alvor.

Formålet med varslingsrutinar er å sikre at Nore Neset Idrettslag har eit trygt, rettvist og opent system for å handtere varslar om kritikkverdige forhold. Alle medlemmar, trenarar, leiarar, tilsette og frivillige skal vite korleis ein kan varsle og korleis saka vert handsama.

Kva kan det varslast om?

Ein kan varsle om til dømes mobbing, trakassering, diskriminering, vald, seksuell trakassering, brot på lover, reglar eller etiske retningsliner, økonomiske mislegheiter, eller andre forhold som verkar uetiske eller skadar miljøet i klubben.

Korleis varsle?

Varsel kan meldast i “mitt varsel”, eller sendast skriftleg til klubbens varslingsansvarlege. Ein kan også melde eit varsel munnleg. 

I “mitt varsel” er det  mogleg å varsle anonymt, men full identifikasjon gjer saka lettare å handsame.

Trykk her for å sende inn varsel

Kven tek imot varsel?

Styret i Nore Neset Idrettslag har peika ut varslingsansvarlege som tek imot og følgjer opp varsel.  Varslingsansvarlege har også tilgang til “Mitt varsel”, og behandlar varslar som kjem inn der.

Dersom ein ikkje ønsker å melde frå til personane som er varslingsansvarlege kan ein melde varsel til ein anna tillitsperson, som til dømes lagleiar, trenar, styremedlem eller ein av dei tilsette i klubben. 

Varslingsansvarlege:

Beate Haugsgjerd: [email protected]
Silje Lom Soldal: [email protected]

Handsaming av varsel

Når eit varsel kjem inn, skal det:
– registrerast og stadfestast (innan 5 arbeidsdagar)
– vurderast (innan 20 dagar)
– undersøkast gjennom samtalar og dokumentasjon
– konkluderast og følgjast opp med tiltak
Varslar og den det vert varsla om, skal bli behandla med respekt og konfidensialitet.

Teieplikt og vern

Alle som handterer varsel har teieplikt. Varslaren skal ikkje bli utsett for gjengjelding. Den det vert varsla om skal få høve til å forklare seg før det vert teke avgjerd.

Trykk her for å sende inn varsel

Les meir om varsling her:
https://www.idrettsforbundet.no/tema/varsling/

NIF’S etiske leveregler:
https://www.idrettsforbundet.no/tema/etisk-og-trygg-idrett/etiske-leveregler/