Nye benkar i garderobane takka vera samarbeidsavtale med Montér Os Byggsenter

Montér Os Byggsenter er ein av Nore Neset Idrettslag sin gode samarbeidspartnarar. Denne veka fekk vi levert materiale til nye benkar i fotballgarderobane.

Benkane i heimegarderoben trengte sårt ei oppgradering etter mange jubelscener der dei siste åra. Då er det avgjerande å ha ein god samarbeidspartnar som kan levera solid materiale raskt og effektivt, samt ein meget kompetent dugnadsstyrke som kan montera.

Denne veka fekk vi varene på plass, og benkane er plassbygd og skal tåla meir jubel i åra som kjem.

Som medlem i Nore Neset Idrettslag får alle våre medlemmer rabatt hos Montér Os Byggsenter. I tillegg får idrettslaget kickback på alt våre medlemmer handlar for. Takka vera medlemshandel i 2022 kunne idrettslaget bygge nye benker i fotballgarderoben.

Så neste gang du handlar byggevarer, ta turen til Montér Os Byggsenter for å sikra deg medlemsrabatt ved å sei du er medlem i Nore Neset Idrettslag.

Share the Post:

Related Posts

Lyst å spille innebandy?

Visste du at Nore Neset Idrettslag har innebandy-grupper for alle aldre? Innebandy er eit lavterskel aktivitetstilbod som passar for alle. Lyst til å prøve?

Read More

Oppstart Ballsigdighet for 2020-årskull

Velkommen til oppstart for 2020-årskullet! Nore Neset Idrettslag inviterer unge ballspillere til aktivitet i Nore Neset Aktivitetshus. Bli med onsdag 15. oktober kl. 17:00 – 18:00, hvor trenerne vil gi informasjon og veiledning. Dette er en fin sjanse for barna å bli kjent med idretten. Har du spørsmål? Kontakt oss. Vi gleder oss til å se dere der! Vel møtt!

Read More