KLUBBHANDBOK

Innleiing

Klubbhandboka er meint å vera eit hjelpemiddel for alle som ynskjer å få innsikt i drifta av Nore Neset Idrettslag. Hovedstyret er ansvarleg for klubbhandboka med tilhøyrande dokumenter, og at desse til ei kvar tid er så oppdatert som mogleg.

Klubbhandboka er utarbeida basert på innspel frå organisasjonen, og søker å gje eit så samla bilete av idrettslaget sine rammevilkår, krav og retningslinjer for drift. Klubbhandboka er meint å vera eit arbeidsverkty for organisasjonen.

Informasjon om klubben

Klubbnavn: Nore Neset Idrettslag

Stiftet: 05.11.1980

Idrett(er): All-idrett, fotball og handball

Postadresse: Postboks 415, 5203 Os

Besøksadresse: Skeismyra 8, 5216 Hagavik

E-postadresse: [email protected]

Internettadresse: www.nnil.no

Organisasjonsnummer: 884064392

Bankforbindelse: Fana Sparebank

Bankkonto: 3411.45.67096

Medlem av: Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité

Tilknyttet: Norges Fotballforbund, Norges Håndballforbund Region Vest, Vestland Idrettskrets og Bjørnafjorden Idrettsråd

Visjon, misjon og verdigrunnlag

Nore Neset Idrettslag skal til ei kvar tid søka å leva etter dei overordna verdigrunnlaget til norsk idrett. Desse verdiane tenker vi skal gjela eit kvart idrettslag i Noreg. Ut over desse har idrettslaget laga sin eigen visjon, misjon og verdigrunnlag. Dette seier noko om kva vi som idrettslag skal vera for lokalmiljøet vårt.

Visjon

Nore Neset Idrettslag skal tilby idrettsglede og utfordringar for alle!

Misjon

Eit idrettslaget med plass til alle!

Verdier

Følgjende verdiar skal Nore Neset Idrettslag styra etter: 

VENNSKAP: Gjennom ein tydeleg sosial plattform sikrar vi vennskap livet ut!

 

MEISTRING: Vi skal legga tilrette for ein trygg og god utviklingsarena som gjer grobunn for meistringsfølelse for våre barn og unge!


RESPEKT: Våre medlemmer skal visa respekt for alle! Det vera seg utøvarar, trenarar, leiarar, dommarar, og elles alle som dei møter.

Klubben sin lov

Nore Neset Idrettslag sin lov er vedtatt på hovedstyremøte siste gang i mars 2022. Loven er basert på Norges Idrettsforbund sin lovnorm.
Lov for Nore Neset Idrettslag

Klubben sin organisasjon og ledelse

Nore Neset Idrettslag er eit fleiridrettslag, og er organisert i henhald til følgande overordna organisasjonskart.

Organisasjonsplanen vert årleg vedtatt på årsmøtet i idrettslaget. Årsmøtet er klubben sin høgaste myndigheit. Dette følgjer av idrettslaget sin lov §14.

Mellom årsmøta er det hovedstyret i idrettslaget som er høgaste myndigheit. Under hovedstyret har idrettslaget i dag to hovedundergrupper som er organisert med eit fagleg sportsleg utval. I tillegg har idrettslaget ein idrettsskule som ikkje har eit eige fagleg utval. Idrettslaget har felles økonomi, og undergruppene er ansvarleg for at idrettslaget som heilskap leverer eit resultat i balanse.

Idrettslaget har ikkje eigne styrer på særidrettane i fleiridrettslaget. Leiar i henholdsvis fotball og handball sit i hovudstyret, og skal der oppdatera hovudstyret på status i sine grupper, samt fremja eventuelle saker som berører korleis idrettslaget vert drifta. Typiske gjeld dette saker av større økonomisk art/investeringar (ut over vedtatt budsjett for gruppa) og samarbeidsavtaler med andre idrettslag. Når det gjeld dag til dag drift, så har gruppene stor sjølvråderett, i tett dialog mellom leiar, sportsleg utval og administrasjonen. Gruppene skal driftast i henhald til vedtatt klubbhandbok og sportsplan.

Undergruppene er organisert i ulike utval basert på oppgåver.

Det er utarbeida rollebeskrivelser for alle dei sentrale rollane i idrettslaget. 

Rollebeskrivelsar for Nore Neset Idrettslag

I tillegg til dei ulike sentrale rollane i idrettslaget, er det også definert nokre føringar for korleis vi ynskjer å organiseringa laga våre. Organiseringa kan variera frå lag til lag, men basert på erfaring er det dei laga som har mange personar som bidreg rundt laget, som får den beste opplevinga, og som held på flest spelarar.

Lagsrollar for Nore Neset Idrettslag

Økonomi

Nore Neset Idrettslag har utarbeida klare retningslinjer knytta til den økonomiske styringa av Nore Neset Idrettslag. God og sunn økonomi er ein grunnfilosofi for idrettslaget. Retningslinjene gjeld for all aktivitet i idrettslaget, og for alle som er involvert. Idrettslaget sitt regnskap vert ført av eit eksternt regnskapsbyrå. Dette bidreg til at regnskapet føl alle gjeldende krav til god regnskapsskikk i idretten. Klubben sitt budsjett vert vedtatt årleg av årsmøtet. Idrettslaget sin omsetnad har passert 5 millionar, og idrettslaget har som fylgje av dette engasjert ekstern revisor.

Økonomihandbok for Nore Neset Idrettslag

Innhold