Som EAT MOVE SLEEP-ambassadør skal det i løpet av året arrangerast ein fotballcup for born i alderen 6-12 år med sterkt fokus på sunne verdier. I år har BAMA og Norges Fotballforbund slått seg saman med KIWI, som i fellesskap med oss ambassadører, skal arrangere KIWI BAMA-CUP.
Nore Neset IL skal arrangere KIWI BAMA-Cup også i 2026 på Nore Neset Idrettspark. Håpar ditt lag blir med!
På KIWI BAMA-Cup vil det blant anna vere ein eigen Eat Move Sleep-camp der både deltakarar og tilskodarar får informasjon om kosthald, bevegelse og søvnvaner. I tillegg blir det andre kjekke aktivitetar, og sal av mat ulike stader på anlegget.
Nore Neset Kiwi Bama Cup 2026 vert 11. – 12. april. For påmelding, gå til https://www.profixio.com/app/nore-neset-kiwi-bama-cup-2026
Turneringa følger ordinære spelereglar for barnefotball i NFF Hordaland.
Inndeling av klasser: (kampdag)
3´ – fotball: 6-7 år (Laurdag)
7´ – fotball: 10 – 11 år (Laurdag)
5´ – fotball: 8-9 år (Søndag)
9´ — fotball: 12 år (Søndag)
Kamper og spilletid:
Alle lag spelar garantert tre kampar. Speletid kvar kamp er 2×12 min (1×12 min for 3’ar).
Premiering:
Alle deltakere blir premiert med utstyr fra Bama.
Øvrig informasjon:
Fair play skal praktiseres av alle i og rundt arrangementet.
Eat Move Sleep er ein nasjonal offensiv for å oppnå betre folkehelse, iverksatt av Norges Fotballforbund, Eat Initiative og Bama Gruppen AS i 2016. Det er eit konsept som skal inspirere born, unge og voksne til å ta gode valg i kvardagen ved å sette fokus på heilheita av det som skaper god helse og livskvalitet for oss menneske; nemleg kombinasjonen av kosthald, fysisk aktivitet og søvn.
Det er ekstra viktig å fylle på med riktig mat og drikke før og etter trening eller kamp! Det gjev meir energi til å prestere, konsentrasjonen skjerpes, samt påfyll kort tid etter aktivitet er viktig for restitusjon.
Fysisk aktivitet er viktig for alle, uansett nivå eller ambisjon. Bevegelse er nemleg med på å halde kroppane våre friske. Det gjev oss bedre søvn, godt humør og kraft til å utføre daglegdagse oppgåver. Me ynskjer blant anna at flest mogleg går eller sykler, istadenfor å køyre. Tek du beina fatt til trening, kamp, jobb, skule og besøk, beveger du deg meir! Eit anna tips er å ta trappa istadenfor heisen.
Søvn er viktig for både den psykiske og fysiske helsa vår. Når me sover, reparerer nemleg kroppen seg sjølv. I tillegg gjer god søvn underverker for humøret, konsentrasjonen og hukommelsen. Tips: Det er anbefalt å legge vekk mobil og iPad når man skal legge seg. Dei sender ut eit blått lys som gjer det vanskeleg å sovne.