OBOS gjev støtte til vårt Inkluderingsfond

OBOS har vald å støtta vårt Inkluderingsfond med 25.000 kroner.

Nore Neset Idrettslag er stolt og audmjuk over å i dag ha fått tilsagn på 25.000 kroner frå OBOS som går til å styrka vårt Inkluderingsfond.

Inkluderingsfondet har som formål å gje alle barn og unge som er medlem i Nore Neset Idrettslag moglegheit til å ta del i aktivitetane uavhengig av økonomiske forhold.

Utanforskap er ei stor utfordring i dagens samfunn, og kan i nokre tilfelle også føra til mobbing og utestenging frå viktige sosiale arenaer. Idrettslaget er overtydd om at dette fondet kan sikra at endå fleire får oppleva å vera ein del av idretten på Nore Neset.

Tusen takk OBOS💙

Share the Post:

Related Posts

Vi søker ungdom til vår sommaraktivitet

Er du ungdom som brenn for fysisk aktivitet? Nore Neset Idrettslag søker engasjerte aktivitetsleiarar til våre spennande sommarprosjektar i 2025! Bli med på Multisportveka, Open folkehelsepark og Tine Fotballskule, der du får sjansen til å leie og inspirere barn og unge. Vi tilbyr eit variert spekter av idrettar og aktiviteter, og du får utvikle dine leiarferdigheiter i eit trygt og inkluderande miljø. Les vidare for å finne ut korleis du kan bli ein del av vårt team og skape minner for livet!

Read More