Historie

Då ein ønska å starta opp eit idrettslag på Nore Neset i 1980, søkte ein i følgje stiftelsesprotokollen om å starte opp Sportsklubben Teddy. Men då dette namnet ikkje er stadsbunden, fekk dei avslag, og dei nytta andrevalet,
Nore Neset Idrettslag i staden. Klubben vart stifta 5. november 1980, og i den samanhengen uttalte styremedlem Kåre Hjelle at
“Det er ein historisk dag for Nore-Nesingane!”.
NNIL vart godkjent av Noregs idrettsforbund 2. desember same år.

I samband med nyoppstartinga, vart styret i NNIL intervjua i lokalavisa. Styret sin formann, Knut Bohne, fortel her at NNIL i fyrste omgong kjem til å satse på fotball og volleyball. Det fyrste styret i NNIL bestod av: Knut Bohne, Bjørn Erik Hagen, Ellen Marie Hagevik, Stig Haldorsen, Kåre Hjelle, Oddmund Kvalheim, Jørn Rekkum, Kari Skeie og Mona Skåtøy.

Interimstyret etter stiftelsen.
Formann:
Knut Bohne
Styremedlemmer:
S.Haldorsen
G. Askvik
J.Rekkum
O. Kvalheim
M. Skåtøy
E.M.Hagevik
K.Hjelle
B.Hagen
K. Skeie

Emblemet til Nore Neset Idrettslag blei “vedteken” på styremøtet 13. februar 1981.
På biletet ser du orginalskissa til emblemet (logoen) vår.
I samband med at NNIL søkte om opptaking i Noregs Fotballforbund, måtte dei og skildre korleis draktene skulle se ut på eit draktskjema:
Våre drakter er kornblå. På buksene er det 2 hvite striper og på strømpene er det hvit rand oppe.
Reservedrakt: Hvite med blå besetning (kant) oppe.

Ved utgongen av 1981 var det 112 medlemmer i NNIL, fordelt slik:

Seniorlaget for herrer deltok og i Bergen og Omeng Fotballkrets sin vinterfotballturnering på Lysekloster dette året.
Ut i frå årsmeldinga frå 1983 kan ein lese at styret hadde heile 13 styremøter dette året! Dei stod på med både dugnad og søknader om støtte frå ulike bedrifter i nærmiljøet, samt om kulturmidlar frå kommunen. Noko av dugnaden som blei gjennomført i 1983:
- gartnerarbeid på Ravneberghaugen
- utkøyring av bossekkar for Os kommune
- oppsetjing av to bommar på Nore Neset skule
- planta gutelaget 500 grantre for ein entreprenør!

Baneforholda på Nore Neset den gongen var ikkje slik som i dag, og det var kun miniputt- og lilleputt-laga som kunne trene og spele kampane sine på heimebane. Idrettslaget leigde difor kunstgrasbanen i Lysefjorden og idrettsplassen i Søre Øyane til både treningar og kampar.
Styret oppretta ein eigen banekomité som stod i bresjen for å få til eit høveleg anlegg på Nore Neset, med både veleigna garderobeløysing, flombelysning på banen og utviding av den eksisterande banen (mot nord). Og i byrjinga av juli fekk dei kjøpt ut tomtene dei trong til dette frå de ulike grunneigarane.

Idrettslaget talde 188 medlemmer ved slutten av 1984 og heile 168 av medlemmene høyrde til fotballgruppa! Det vart bestemt at både juniorlaget, guttelaget og jentelaget skulle få delta på årets Norway cup. Nytt av året var óg ein merkesprøve (ferdighetsmerke) for 7 - 16 åringar, og den 3. juni vart det delt ut heile 33 slike ferdighetsmerker til NNIL sine utøvarar! Jentelaget vann si avdeling i ‘84, og seniorlaget vann si avdeling i 8.divisjon, og rykka dermed opp.
Statistikken deira var knallgod denne sesongen: 16 kampar; 14 seiarar, 2 uavgjorde og INGEN tap (30 poeng)! Årets toppscorar vart Trond Steffen I. Hagevik med heile 20 mål på 16 kampar. Dei spelande trenarane, Herman Hagevik og Magnar Heggland, fekk óg mykje av æra for den flotte sesongen. NNIL si deltaking i Varegg turnering, gjekk ut dette året då distriktslegen i Os la ned startforbud grunna eit tilfelle av smittsam hjernehinnebetennelse.
Det driftige styret hadde oppretta ei eigen økonominemnd som gjennomførte ulike arrangement ila året, som gjorde godt for både det sosiale og det økonomiske i idrettslaget. Dei hadde Sankt Hans tilstelning på Storholmen, med fiskekonkurranse, kapproing med joller, sal av rømmegraut, pølser, buljong, brus og is- og sjølvsagt hadde dei eit stort bål. På seinsommaren hadde dei óg eit lotteri der ein av hovudpremiane var ein 12” Askeladd med påhengsmotor! Båten var det Askvik Sønner A/S som stilte med, i byte mot reklame på draktene på Norway cup.
NNIL starta opp med handball for jenter dette året. Dei hadde tre lag med i serien (jenter 10 år, jenter 12 år og jenter 14 år), samt handballtrening for 1. og 2. klassingar. Til saman var det heile 60 jenter med! Trenarane i oppstarten var Hermann Hagevik og Einar Helgesen.
I januar starta ein óg opp med fotballtrening for kvinner. Dei vann ein treningskamp mot Øyglimt før sesongstart, men ellers var det ikkje dei heilt store resultata i serien. Deltaking i Brann-cup gav ein andreplass i pulja.

Banekomitéen i styret har gjort eit formidabelt arbeid med å få til ei utviding av NNIL sitt idrettsanlegg; kjøpt tomt av grunneigarane som no er blitt til gardsnr 34, bruksnr 375, søkt om lån og tippemidlar, sett opp ein finansieringsplan, og gjort avtalar med lokale bedrifter for gjennomføring. Dei rekna med å kunne starta arbeidet med planering vinteren og våren 86/87.
I juni arrangerte idrettslaget, skulekorpset og sanitetsforeininga Nore Neset-dagane. Det var lagt opp til ei kulturmønstring i krinsen, der formålet var å skaffe inntekter til eit nytt grendahus. 13. - 15. juni vart det blant anna heldt loppemarknad, utstillingar, konsert og diskotek. Eit par medlemmer frå styret var óg i kontakt med ungdomslaget i samband med det dei kalla “Symra-tomta”. Spanande år!
NNIL hadde også dette året mykje på agendaen: dei arrangerte skidag på skulen i slutten januar, terrengløp litt seinare på året, samt Nore Neset-dagane i lag med sanitetsforeningen og skulekorpset. Medlemstalet låg på ca 220 medlemmer. Vidare vart det underteikna ein kontrakt mellom Nore Neset Idrettslag som byggherre, og Bøe&Lepsøy Byggmester- og Entreprenørforretning A/S om Arbeid med ny idrettsbane på Nore Neset (utviding av eksisterande bane).

Banemøte i samband med bygging av grusbanen i 1987.
I 1988 blei det oppretta eit støttelag som bestod av foreldre og andre støttespelarar. Støttelaget - leia av Mona Solstrand Johannessen, bestod av heile 100 personar som hjalp til ved samtlege arrangement dette året. Dei var til uvurderleg hjelp for klubben!
Handball og fotball er dei to største idrettane i idrettslaget, og NNIL hadde 7 handballag og 9 fotballag i seriespel i 1988.
Handballgruppa i 1988 var stor, og romma ca 100 medlemmer. Desse fordelte seg i følgjande alderstrinn: minigruppen, gutter 10 år, piker 10 år, piker 12 år eldste klasse, piker 12 år yngste klasse, piker 14 år eldste klasse og piker 14 år yngste klasse. Piker 10 år (28 spelarar fordelt på to lag) hadde ein kjempesesong i 87/88! Dei var suverene i serien, og vann dessutan minicup’en i Bildøyhallen 30.-31.januar, der dei tok den første pokalen til NNIL! Trenar: Herman Hagevik.
Når ein ser på kor mange ulike alderstrinn fotballaga rommer, skjønar ein at fotball også den gongen var populært: senior, junior, piker, smågutter, lilleputter, miniputter, milliputter og microputter!
På fotballsida gjorde seniorlaget ein middels god sesong med ein plassering midt på tabellen (men framleis det beste laget frå Os!), noko trenaren, Arne Hitland, forklarar slik: Spesielt har vi problemer på grus. Dette er et problem vi må jobbe hardt med neste år, all den tid vi da skal spille på egen grusbane.
Senior- og juniorlaget hadde ei vekes treningsleir/ferie i Danmark i slutten av juli, noko som var svært vellukka både sportsleg og sosialt.
I 1989 blei det oppretta ei volleyballgruppe i NNIL. Desse gjorde det godt og spelte i 6.divisjon, under stødig leiing av Jørn Aasberg og Connie Njøten.
I april var det endeleg åpning av den nye grusbanen, noko som blei feria med ein tredagars cup for alle laga i Os, med påfølgjande bankett om kvelden (6.-8.april)!
Seniorlaget hadde ein litt trøblete start på sesongen grunna overgong frå kunstgras til grusbane. Likevel førte opninga av nyebanen til ein ny glød i laget, og dei fekk så mange fleire faste spelarar, at dei måtte opprette eit rekrutteringslag. Ved sesongsslutt endte seniorlaget på andreplass, og rykka dermed opp til 6. divisjon.
Året 1989 var det første året der alle laga spelte heimekampane sine på eigen bane! Det rapporterast om eit flott miljø rundt heimekampane, med mange tilskodarar!
Støttelaget tok føre seg drifta av pølseboden.
Etter å ha vore i drift i ti år, har Nore Neset Idrettslag nesten 300 medlemmar, der om lag 80% av desse er born og unge under 17 år. NNIL hadde 10 fotball-lag med i kretsserien, 11 håndball-lag med i kretsserien og eitt damelag med i volleyballserien dette året. Fotball-laga trente på den nye banen, medan handball- og volleyballtreningane var i Oshallen og i gymsalen på skulen. NNIL hadde følgjande arrangement i 1990:
- Idrettsdag (3-kamp) på skulen
- Minihandball i Oshallen
- Eigen miniturnering på fotballbanen
- Sparebanken Vest-Cup for senior
Hovudsponsorar for NNIL i 1990 var: Den Norske Bank og Rosvold Sport Frivilligheita og dugnadsinnsatsen var framleis stor: Til dømes gjorde A-laget jobbar for Os E-verk og Racal-Decca på Laksevåg, ein kunne kjøpe støttemedlemsskap for 100 kroner, det lokale næringslivet støtta med reklame både på banen og i pressa (arenareklamen langs nordsida var nesten utsolgt!), og støttelaget fortsatte sitt gode arbeid.

NNIL, Skulemusikken, Sanitetforeininga og Grendalaget gjekk saman i eit forsøk å få reist ein kombinert idrettshall/grendahus på Nore Neset. Dei oppretta ei stifting kalla Nore Neset Aktivitetshus BA.

Seniorane trente tre gonger i veka, frammøtet på treningane var prima, dei henta inn nye spelarar og ein hjelpetrenar, Kjell Ove Lunde, i forkant av sesongen for å styrkje laget og heve nivået på treningane. - Eit kupp! sa Arne Hitland om den nye hjelpetrenaren. Laget vart kretsmeister i 6.divisjon og rykka dermed opp til 5.divisjon.
Vidar Bahus var keepertrener for Vidar Hjelle og Fredrik Brinchmann Hansen, og i følgje Hitland hadde seniorlaget “en eneste stor jubelsesong". Vidare fortel han: - At Nore Neset har gjort det godt kan vi gjenspeile med interessen i bygden og i lokalpressen. I de siste kampene ble det skrevet like mye om Nore Neset som om Os i 2.divisjon.
A- og B-laget trente saman og utgjorde ein brei spelarstall, der fleire av B lagsspelarane fekk speletid på A-laget.
Sportsleg sett blei sesongen den beste i klubben si historie (3 puljevinnarar) og sesongen blei avslutta med cup-deltaking for gute- og jentelaga: Rødspette-cup i Danmark for G-12 og Stord håndballfestival for dei andre laga. Damelaget stilte i serien for fyrste gong, men sidan laget berre hadde nye spelarar, blei det henta heim lite poeng. Dei var likevel ein glad gjeng som hadde mykje moro.

Damene spelte i 6.divisjon, og kom på 5.plass forrige sesong. Det var 10-12 jenter på laget, og dei hadde to treningar i veka (ein i Oshallen ein på Nore Neset), trenaren for sesongen 1989/90 var Jørn Aasberg, og ny trenar for 1990/91 var Vibeke Leikvoll Moberg.

I romjula 2002 fekk barn og unge ta i bruk fleirbruksdelen av Nore Neset Aktivitetshus.
Faksimile: Os & Fusaposten

Leiar i NNIL, Bjørn Fosen, leiar arbeidet med å erstatta grusbanen med kunstgras. Dette var fyrste gang det vart lagt kunstgras på Nore Neset Idrettsplass.
Faksimile: Os & Fusaposten

Måndag 1. september startar Jarle Heltne i stillinga som dagleg leiar for Nore Neset idrettslag.
– Det å driva eit idrettslag berre basert på frivillig innsats er vanskeleg.
– Mange av oppgåvene må løysast på dagtid, og det kan vera ei utfordring når alle tillitsvalde er i full jobb, fortel Øystein Oen om bakgrunnen for å tilsetja ein dagleg leiar.

Leiar i fotballgruppa, Jan Erik Døsen og resten av dugnadsgjengen på Nore Neset førebur seg på ei påske med dekkelegging på nyebanen.

Nore Neset Arena er idrettslaget sin eigen fleirbrukshall. Hallen stod ferdig august 2022.
Hallen inneheld ein spelflate merka for handball, basketball, volleyball og innebandy. I tillegg er det e-sportrom med 10 spelstasjoner.
I 2.etasje har Nore Neset Ungdomsskule klasserom for form og farge, tekstil, keramikk og sløyd.