Tine Fotballskule 2025 (veka før skulestart)

Bli med på ei spennande veke med Tine Fotballskule 2025! Nore Neset Idrettslag inviterer barn født mellom 2013 og 2019 til å delta i fotballskulen i veka før skulestart. Frå 11. til 14. august kan deltakarane nyte fotball, lunsj og frukt i Nore Neset Idrettspark. Dette er ei flott moglegheit for å lære nye ferdigheiter og bli kjent med andre unge fotballentusiastar. Meld deg på no, og ver med på moroa! Vi har også eit Inkluderingsfond for å sikre at alle kan delta. Les meir om påmelding og detaljer her!

Nore Neset Idrettslag skal arrangere Tine Fotballskule i veka før skulestart 2025.

Nore Neset Idrettslag skal i år arrangere Tine Fotballskule i veka før skulestart (veke 33) på Nore Neset Idrettspark. 

Årets fotballskule vil gjennomførast frå mandag 11.august til torsdag 14.august frå klokka 10:00 til 14:00 kvar dag. Aldersgruppa er i år barn født 2013 til 2019 (6-12 år).

Spelarar vil få servert lunsj alle dagar i tillegg til frukt. 

Sjølv om du ikkje er medlem av Nore Neset IL er du velkommen til å melde deg på. Dette vert ei kjempefin veke, og vi gler oss til å bli kjent med dåke!


Ved påmelding gjelder «førstemann til mølla-prinsippet».

Kostnad per deltaker er 1000 kr!

Påmelding: https://app.rubic.no/Public/Events/33626

Nore Neset Idrettslag er opptatt av å redusera økonomi som barriere. I forbindelse med Tine Fotballskule har vi derfor ett Inkluderingsfond. Ta kontakt, så finner vi ei løysing.

Spørsmål kan rettes til:
Marcus A. Vindenes
[email protected]

Mariann Øvreeide
[email protected]

Share the Post:

Related Posts

Vi søker ungdom til vår sommaraktivitet

Er du ungdom som brenn for fysisk aktivitet? Nore Neset Idrettslag søker engasjerte aktivitetsleiarar til våre spennande sommarprosjektar i 2025! Bli med på Multisportveka, Open folkehelsepark og Tine Fotballskule, der du får sjansen til å leie og inspirere barn og unge. Vi tilbyr eit variert spekter av idrettar og aktiviteter, og du får utvikle dine leiarferdigheiter i eit trygt og inkluderande miljø. Les vidare for å finne ut korleis du kan bli ein del av vårt team og skape minner for livet!

Read More