Etiske retningslinjer
Etiske retningslinjer for Nore Neset Idrettslag
Trygg, inkluderande og ærleg idrett for alle
1. Våre verdiar
Kjerneverdiane til Nore Neset idrettslag er Venskap-Meistring-Respekt. Vi har eit sterkt fokus på inkludering. Løftet vårt er at vi skal skapa eit idrettslag med plass til alle.
Vi byggjer på Norges idrettsforbund sine verdiar: Glede – Fellesskap – Helse – Ærlighet
Hjå oss skal alle:
– Oppleve glede ved å delta
– Kjenne fellesskap og tryggleik
– Få høve til utvikling og meistring
– Møte ærlegdom og respekt i alt vi gjer
2. Trygg på trening
Vi følgjer Redd Barnas prinsipp for trygg idrett:
Trenarar og leiarar:
– Har gyldig politiattest og kjenner klubbens retningslinjer
– Viser respekt for barns grenser – både fysiske og psykiske
– Lyttar, rosar og rettleier – ikkje kjeftar, kritiserer eller latterleggjer
– Er bevisst på maktposisjon og opptrer profesjonelt
– Er aldri åleine med barn utan særskild grunn og samtykke
– Kommuniserer tydeleg og trygt, også digitalt
Barn og ungdom:
– Skal føle seg trygge og respekterte
– Skal bli sett, høyrt og tekne på alvor
– Kan seie frå om noko følest galt – og vite at vaksne tek det på alvor
Føresette:
– Støttar barna positivt, også når det ikkje går som dei ønskjer
– Viser respekt for trenarar, dommarar og andre føresette
– Bidreg til eit trygt og inkluderande miljø for alle
3. Fair play og god åtferd
– Spele etter reglane og vise respekt for dommarar og motspelarar
– Heie på kvarandre, uansett resultat
– Aksepter dommaravgjerder utan kjefting eller protestar
– Bruk ikkje banning, mobbing eller trakassering
– Ta vare på lagkameratar – ingen skal stå utanfor
– Ta avstand frå juks, vald, doping og rusmiddel
4. Alkohol, rus og doping
– Ingen alkohol eller rusmiddel i barne- og ungdomsaktivitetar
– Nulltoleranse for doping – følgjer Antidoping Norge sine reglar
– Vaksne skal opptre ansvarleg på arrangement
5. Miljø og samfunn
– Ta vare på miljøet – rydd opp og bruk ressursar fornuftig
– Bidra positivt i lokalsamfunnet
– Ta ansvar for kvarandre og vis gode haldningar også utanfor idretten
6. Sei frå – vi bryr oss!
– Sei frå til trenar, lagleiar eller varslingsansvarlege
– Alle saker blir handsama konfidensielt og med respekt
– Vi tek alltid omsyn til bekymringar – store som små
7. Ansvar
– Styret og sportsleg utval: Følger opp retningslinjene
– Trenarar og leiarar: Følger etiske retningslinjer og sportsplan, og er gode rollemodellar
– Foresette: støttar opp om klubbens verdiar
– Utøvarar: viser respekt og ansvar
8. Godkjenning
Vedtatt av styret i Nore Neset Idrettslag 2025
Reviderast årleg
Vedlegg / nyttige ressursar:
– NIF: Idrettens barnerettar:
https://www.idrettsforbundet.no/tema/barneidrett/idrettens-barnerettigheter/
– NIF: Bestemmelser om barneidrett:
https://www.idrettsforbundet.no/tema/barneidrett/bestemmelser-om-barneidrett/
– Redd Barna: Trygg på trening:
https://www.idrettsforbundet.no/idrettskrets/vestland/idrettogsamfunn/trygg-pa-trening/
– NNIL: interne varslingsrutinar:
https://nnil.no/varsling/
NIF etiske levereglar:
https://www.idrettsforbundet.no/tema/etisk-og-trygg-idrett/etiske-leveregler/
NIF Retningslinjer:
https://www.idrettsforbundet.no/tema/retningslinjer/