Vi treng enda fleire frivillige til bredde e-sport

Vårt bredde e-sport tilbod har fått ein overveldande mottaking, så vi ynskjer no å tilby fleire dagar. Til dette treng vi frivillige som kan hjelpa oss.

Denne veka starta Nore Neset Idrettslag opp vårt bredde e-sport tilbod for barn og unge frå 3. til 10.klasse. Mottakinga har vore formidabel, og fleire av partia våre er allereie fullteikna.

Vi har i dag 6 frivillige som bidreg til å halde tilbodet ope, men ynskjer oss enda fleire for å utvide antall dagar vi kan ha aktivitet i e-sportrommet.

Vi ser etter deg som både har erfaring frå gaming / e-sport, men også personer som er god til å administrere og skape godt miljø.

For å melde din interesse, fyll ut skjemaet på lenka under eller send e-post til [email protected]

https://forms.gle/vv7LmZVLTMJER8AB9

Share the Post:

Related Posts

Vi søker ungdom til vår sommaraktivitet

Er du ungdom som brenn for fysisk aktivitet? Nore Neset Idrettslag søker engasjerte aktivitetsleiarar til våre spennande sommarprosjektar i 2025! Bli med på Multisportveka, Open folkehelsepark og Tine Fotballskule, der du får sjansen til å leie og inspirere barn og unge. Vi tilbyr eit variert spekter av idrettar og aktiviteter, og du får utvikle dine leiarferdigheiter i eit trygt og inkluderande miljø. Les vidare for å finne ut korleis du kan bli ein del av vårt team og skape minner for livet!

Read More