ANLEGG

Folkehelseparken på Nore Neset ligg midt mellom barnehage, barneskule og ungdomsskule, og 1000 barn og ungdom har dette som sitt oppvekstsenter. Vi opplever stor aktivitet kvar dag frå morgon til kveld. Dei har gleden av to fleirbrukshallar, to kunstgressbaner, ein sykkelbane, to padeltennisbanar, og ein modellbilbane. Idrettsanlegget er særs godt fasilitert med utstyr for handball, basketball, innebandy, volleyball, turn og all-idrett. Områda rundt har også mykje å by på med nærliggande barnehage og barneskule med tilhøyrande leikeareal.