Nore Neset IL Fotballakademi (FA) er eit tilbod for spelarar frå 8. klasse til 1. klasse på vidaregåande skule. Akademiet er for spelarar som er ivrige og motiverte for å trene ekstra, og som ønskjer å utvikle seg vidare som fotballspelarar gjennom kvalitetstrening og oppfølging frå kompetente trenarar.
Fotballakademiet er ei vidareføring av klubben si fritidsordning og skal vere eit supplement til dei ordinære lagsøktene – ikkje ei erstatning for desse.
Akademiet tilbyr trening to dagar i veka. Spelarane kan velje mellom tysdag, fredag eller begge dagane.
Tysdag – morgontrening
Fredag – ettermiddagstrening
På Nore Neset IL Fotballakademi legg vi til rette for fleire treningsøkter i veka, med fokus på individuell utvikling og kvalitet i treninga. Øktene vert gjennomførte anten om morgonen før skulestart eller på ettermiddagen etter skuletid.
Det vil også verte lagt opp til enkelte helgeøkter, samt økter med teori og videoanalyse i aktivitetshuset. Desse øktene gir spelarane moglegheit til å utvikle ei betre forståing av spelet, også utanfor den fysiske treninga.
Viktige fokusområde i akademiet er:
Målet er å gi spelarane eit godt utviklingsmiljø der dei får utfordringar tilpassa sitt nivå, og moglegheit til å utvikle seg både som fotballspelarar og lagkameratar.
| Tilbod | Pris per månad |
|---|---|
| 1 dag per veke | 800 kr |
| 2 dagar per veke | 1 400 kr |
Spelarane kan sjølve velje om dei ønskjer å delta éin eller to dagar i veka.
Det er to månaders oppseiingstid på akademiplassen. Oppseiingstida vert rekna frå den 1. i kvar månad.
Vennskap, meistring og respekt er grunnsteinane i Nore Neset IL Fotballakademi. Vi ønskjer å skape eit trygt, inkluderande og utviklande treningsmiljø der spelarane opplever fotballglede, får utfordringar og kjenner på meistring.
Klubben sin visjon om at vi har «Plass til alle» gjeld sjølvsagt også på akademiet. Vi ønskjer å leggje til rette for at alle spelarar skal få moglegheit til å utvikle seg, uavhengig av utgangspunkt og erfaring.
Nore Neset IL Fotballakademi – eit utviklingstilbod med kvalitet, meistring og fotballglede i sentrum.