Nore Neset Idrettslag skal sommaren 2025 gjennomføre både Multisportveka i samarbeid med Fana Sparebank i veke 26 (23.-27.juni), i tillegg til at vi har fått tilskot frå Gjensidigestiftelsen til å gjennomføra ferieaktivitet for barn og unge gjennom prosjektet “Open folkehelsepark” fleire veker i sommar fram mot skulestart i august. Sommaren vert avslutta med Tine Fotballskule i veke 33 (11.-14.august).
I samband med desse prosjekta søker idrettslaget etter ungdom som er glad i fysisk aktivitet og som ynskjer å vera med å bidra til aktivitet både inne- og utendørs for barn og unge.
Gjennom sommaren ynskjer vi å tilby barn og unge eit varierte og spennende spekter av idrettar og aktiviteter.
Det er viktig for oss å understreka at ein tek på seg eit viktig ansvar som aktivitetsleiar. Som leiar har du ansvar for barna til ei kvar tid og skal ha kontroll på di gruppe. Det er derfor viktig at du evner å vera til stades heile dagen, og fylgjer opp barna ein har ansvar for på en god og trygg måte. Aktivitetsleiarane må også evna å arbeida saman med andre personer ein ikke kjenner fra tidligare.
Oppgje i søknaden kva veker som er aktuell for deg. Søkarar må også inkludera kva erfaringar dei har med idrett og/eller friluftsliv. Prosessen med å ansetta vil gå over tid, då det må sjåast i forhold til antall påmeldte deltakarar. Det kan derfor ta noko tid å få svar.
Arbeidsoppgåver Multisportveka:
– Aktivitetsleiar legg tilrette, leiar og instruerer aktiviteten
– Ansvar for ei gruppe på cirka 12-14 barn gjennom veka, 1-2 instruktører per gruppe.
Arbeidsoppgåver Open folkehelsepark:
– Ansvarsperson som opnar og låser alle bygg Idrettsparken i samband med aktivitet
– Aktivitetsleiarar som legg tilrette for aktivitet
Arbeidsoppgåver Tine Fotballskule:
– Instruktør for øvelser / økter på kunstgressbane
Kvalifikasjonar:
– Ynskjeleg at aktivitetsleiarane er mellom 14 – 20 år.
– Erfaring frå idrett og/eller friluftsliv.
– Oppgje i søknaden om du har kunnskap om førstehjelp, Hjerte- lungeredning og Livredning i vann/sjø (ikkje eit krav).
– Beherska norsk muntleg
– Politiattest må visast fram før tiltreding – jf. gjeldende lovverk.
Personlige egenskaper:
– Vi søker deg som har erfaring frå, eller har lyst til å skaffa deg erfaring med å legga tilrette for idretts- og friluftsaktiviteter for barn og unge. Du har god serviceinnstilling, er strukturert, har godt humør, omsorgsfull, og har evne til å planlegge, legga tilrette og gjennomføra aktivitet for barn og unge.
Vi tilbyr:
– Lønn etter avtale (timelønn)
– Opptening av pensjon for alle som går over ei inntekt på 10.000,- per kalenderår ihht. regelverk.
– Gruppe og ulykkesforsikring
Søknadsfrist søndag 18.mai 2024.
Søknad kan sendas på e-post til: [email protected]
Kontaktinformasjon ved spørsmål:
Administrativ leiar: Mariann Øvreeide, tlf.95203947. E-post: [email protected]
Dagleg leiar: Eirik André Hesthamar, tlf. 95089824. E-post: [email protected]