Tine Fotballskule 2024 (veka før skulestart)

Vi arrangerer Tine Fotballskule i veka før skulestart, mandag 12. - fredag 16.august. Påmelding er no opna, første-til-mølla prinsippet.

Nore Neset Idrettslag skal arrangere Tine Fotballskule i veka før skulestart 2024.

Nore Neset Idrettslag skal i år arrangere Tine Fotballskule i veka før skulestart (veke 33) på Nore Neset Idrettspark. 

Årets fotballskule vil gjennomførast frå mandag 12.august til fredag 16.august frå klokka 10:00 til 14:00 kvar dag. Aldersgruppa er i år barn født 2012 til 2018 (6-12 år).

Spelarar vil få servert lunsj alle dagar i tillegg til frukt. 

Sjølv om du ikkje er medlem av Nore Neset IL er du velkommen til å melde deg på. Dette vert ei kjempefin veke, og vi gler oss til å bli kjent med dåke!


Ved påmelding gjelder «førstemann til mølla-prinsippet».

Kostnad per deltaker er 1000 kr!

Påmelding: https://app.rubic.no/Public/Events/20622

Nore Neset Idrettslag er opptatt av å redusera økonomi som barriere. I forbindelse med Tine Fotballskule har vi derfor ett Inkluderingsfond. Ta kontakt, så finner vi ei løysing.

Share the Post:

Related Posts