Sesongåpning på Nore Neset Kiwi Bama Cup 2026 helga 11.-12.april?

Nore Neset Idrettslag ynskjer klubbar velkommen til Nore Neset Kiwi Bama Cup 2026. Årets turnering vert arrangert helga 11.-12.april, og er ein flott sesongåpning for barnelaga.

Nore Neset Kiwi Bama Cup har samla lag frå meir enn 25 ulike klubbar kvart år, og er ein av få turneringar som tilbyr 9er-fotball for 12-åringane.

Nore Neset Kiwi Bama Cup er for barn i alderen 6-12 år, med sterkt fokus på sunne verdiar. Turneringa er ein arena for både idrettsglede, kunnskapsdeling og inspirasjon. Vi riggar opp aktivitetscamp og kafeområde for å auke trivselen under arrangementet.

Vi håpar vi ser dåke på Nore Neset Idrettspark til flotte opplevingar saman med oss.

Meir informasjon og påmelding til Nore Neset Kiwi Bama Cup 2026 finn de her:
https://nnil.no/kiwi-bama-cup/

For spørsmål, kontakt:
Ketil Dybfest
E-post: [email protected]
Mobil: 980 71 307

Share the Post:

Related Posts

Lyst å spille innebandy?

Visste du at Nore Neset Idrettslag har innebandy-grupper for alle aldre? Innebandy er eit lavterskel aktivitetstilbod som passar for alle. Lyst til å prøve?

Read More